Hei og hadet.
Eg sa at blogginga er ferdig, og det er ho au. Det er vel ikkje akkurat så mykje action du kan vri ut av dei late dagane her Støylegrendi, men eg skal nok kose meg verre uansett.
Men her kjem altså ei siste oppdatering frå heimkomsta. Noreg helste blidt velkomen, og sendte oss rett inn i ei snøføyk som var så stor at eg nesten ikkje fann att Turid!! Og Trine mista me visst ein stad på vegen heim!?

Rommet mitt, ferdig opp-jula!! Her ser rommet faktisk større ut enn det er. Og det er faktisk ikkje like kaldt som det ser ut til å vere- det er kaldare. Type: istid. 
Og her er bildet som beviser at Tonje er heime. 
Og dett var dett! Takk for at så mange he lese, de ha æg allar trudd!! :)
















